torsdag 10. desember 2020

Advent dag11.

Grundtvig kan ein ikkje koma forbi når det gjeld salmar i salmeboka. Språket kan virka gammaldags, men mange av salmane har ein nydeleg melodi.

"Blomstre som en rosengård" er nummer 10 i N13. Han har plass under temaet adventstida. N. F. S. Grundtvig skreiv salmen i 1837 etter orda i Jesaia 35. Det er her desse flotte stadnamna er nemnde.
N. F. S. står for Nikolai Fredrik Severin.
Melodien er av J. P. E. Hartmann i 1861. Eg syng nok ikkje denne salmen særs ofte. Likevel tar eg han med. I NRK har eg høyrt innspelingar der melodien vert framført lett og vakkert.
Biletet er ikkje av liljer. På Gruda går eg ofte forbi ein hage med store mengder iris. Dei får symbolisera liljene. 

Blomstre som en rosengård
skal de øde vanger,
blomstre i et gyllent år
under fuglesanger;
møtes skal i stråleglans,
Libanons og Karmels glans,
 Sarons prakt og ynde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

2026 Januar.

I 2026 fekk me uventa mykje kulde i starten av året. Det var ein stor fordel angåande turver. I januar hadde me mest ikkje regn. Eg kunne ta...