mandag 7. desember 2020

Advent, 7. dag.

Ganske mange av salmane under temaet "adventstida" i den nye salmeboka har eg sunge. Salmen eg vel for 7. dag i advent, har eg ikkje sunge slik at eg kan hugsa det.

Tonen til "Gå Sion, din konge i møte" kjende eg att med ein gong eg lytta til Salmeboka minutt for minutt. Kan henda det er ein annan salme eller song eg har sunge før til same melodi.
Johan Erik Nystrøm skreiv salmen i 1893. James Mc Granahan laga melodien i 1881. Salmen har fem vers. Eg tar med det første og det siste verset. I salmeboka er det nummer 14. Salmen oppmuntrar oss til å gleda oss. 
Biletet er tatt i Kringleli i april. Det er ikkje eg som held fotoapparatet på skakke.

1. Gå Sion, din konge i møte,
Jerusalem gled deg i Gud!
Strø palmer med fryd for Messias, 
og vær som den ventende brud!
Vær glad, vær glad!
Ja, gled deg i Herren din Gud!
Vær glad, vær glad og syng for din Herre og Gud! 

5. Han kommer til sørgende hjerter
og gjenreiser det som var falt.
Han kommer i makt og skal herske
til Gud er i alle blitt alt.
Vær glad, vær glad!
Ja, gled deg i Herren din Gud!
Vær glad, vær glad og syng for din Herre og Gud! 

Salmeboka minutt for minutt i NRK har denne salmen på episode 2, 15

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...