fredag 18. desember 2020

Advent, dag 18.

 "Et barn er født i Betlehem" trur eg svært mange menneske kan. Det er ei av dei mest kjende julesongane i Norge.

Salmen har ikkje mindre enn ni vers. Eg har vore saman med ein kollega som meinte ho framleis kunne alle versa utanåt. Det var i den tida me laga til julefest for elevane på skulen og gjekk rundt juletreet. Eg trur nok ganske mange kan fleire av versa, i alle fall av dei som har nokre år på baken. Ludvig M. Lindeman sitt namn står over songen. Salmen står på nummer 27b i N13. På nummer 27a står ein melodi etter München 1400-t. Teksten er latinsk, heiter det. Salmen er ein julehymne frå mellomalderen. "Puer natus in Bethlehem". På Wikipedia  skriv dei at det er ei av dei mest kjende julehymner i verda. Me bruker Lindeman sin tone frå 1871 når me syng.

Biletet er frå Månafossen i Frafjord i Gjesdal kommune.

1. Et barn er født i Betlehem, i Betlehem.
Nå gleder seg Jerusalem.
Halleluja, halleluja.

2. En fattig jomfru satt i lønn, hun satt i lønn,
og fødte himlens kongesønn.
Halleluja, halleluja.

3. Hun la ham i et krybberom, et krybberom,
Gud engler sang med fryd derom.
Halleluja, halleluja.

9. Lov takk og pris i evighet, i evighet,
den hellige Treenighet!
Halleluja, halleluja.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Lyefjell. Varden, Ulvatjørn og Stubbanuten.

Lyefjeell har eg høyrt mang ein gong har fint turterreng. Det har berre aldri blitt noko av at me kjørde til Lye for å gå i heia der. Ei ven...