onsdag 16. desember 2020

Advent, dag 17 .

 Jakob Sande si: "Det lyser i stille grender" kjem eg ikkje utanom. Enkel og vakker synest eg songen er.

DAg 17

Biletet er tatt på Mattirudlå på Gramstad på veg mot Bjørndalsfjellet i august.

"Det lyser i stille grender" har nummer 63 i salmeboka (N13). Jakob Sande skreiv teksten i 1931. Det er
noko med tonen og teksten som passar så veldig godt i denne songen/julesalmen, synes eg.
Melodien er av Lars Søraas d.y. (1944). Lars Søraas forbind eg med Skulesongbok. Den brukte me mykje på barneskulen.


1. Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld.
og tusene barnehender mot himmelen ljosa held.

2. Og glade med song dei helsar sin broder i himmelhal,
som kom og vart heimsens Frelsar som barn i ein vesal stall.

3. Der låg han med høy til pute og gret på si ringe seng,
men englane song der ute på Betlehems aude eng.

4. Der song dei for første gongen gongen ved natt over Davids by
den evige himmelsongen, som alltid er ung og ny,
5. den songen som atter tonar med jubel kvar julenatt
om barnet, Guds son, vår sonar,
som døden for evig batt.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...