onsdag 16. desember 2020

Advent, dag 16.

Urnes stavkyrkje er ei stavkyrkje på garden Ornes på sørsida av Lustrafjorden i Luster. Kyrkja vart bygd omlag 1130, 1140. Dåpsfatet er datert 1640. Her kom me ein fin sommardag. Frå kyrkja er det vid utsikt over Lustrafjorden og over til Solvorn.

dag 16


På Kvaleberg skole kan eg hugsa at me song "Kling no klokka". Elias Blix har skreve teksten i 1889. Tonen er ein folketone frå Oppdal. Salmen har seks vers. Eg tar med nummer ein og nummer seks. Salmen står på nummer 58 i N13. Eg håper at det dagast og lagast til eit år der me får vera meir saman!

1. Kling no klokka, ring og lokka! 
Ring og lokka, frå tusen tårn!
Tona om frelsa! Kalla og helsa, kalla og helsa
med fred Guds born!
Kling no klokka! Ring og lokka,
Ring og lokka frå tusen tårn!

Sjå det dagast, snart det lagast,
snart det lagast til høgtid ny!
Då skal klokka leikande lokka,
leikande lokka til helg i sky.
Sjå det dagast, snart det lagast,
snart det lagast til høgtid ny!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...