19. desember er ein merkedag i familien. For 49 år sidan kom det første barnet. Midt i den harde, blåsande vinteren på Jæren kom gleda til oss.
Biletet er tatt på veg opp til Mån. Det er ein kulp i elva Mån. Kulpen ligg litt ut av den vanlege stien opp langs Månafossen.Salmen eg har valt for denne dagen er: "Midt i hårdest vinter". Melodien lærde eg omsider er av Gustav Theodore Holst i 1906. Holst er ein engelsk komponist (1874-1934). Mest kjend er han for orkestersuitane "Planetane". Dei vert ofte spelte i NRK, Alltid klassisk. Eg synest dei mest er for mektige for meg. Derfor vart eg overraska over at denne denne mjuke melodien til "Midt i hårdest vinter" også er laga av G. Holst. Teksten er skriven av Christina Rosetti omkring 1870 og omsett av Svein Ellingsen i 1986.
Salmen har fire vers på nummer 55 i N13.
"Som i jern lå jorden under vindens sang", ja slik var det der me budde i 1971 i Verdalen i leigd hus. I ein månad etter fødselen bles det iskalde vindar i eit hus som ikkje var særleg godt isolert.
skjedde det en gang:
under vindens sang,
over iskald jord,
ble Mari mor.
var Guds egen Sønn.
Hvor var husrom? Ingen
hørte Josefs bønn.
Men en stall ble åpnet
for de to til sist.
og Maria fødte
Jesus Krist.
kledd i himmelsk drakt,
kunne ha vært samlet
rundt ham og holdt vakt.
Men ved krybben ser vi
ingen englehær.
Josef og Maria
kneler der.
med meg inn til ham?
gav jeg ham et lam,
gav jeg gull. Men nå?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar