mandag 14. desember 2020

Advent, dag 15.

"Glade jul" trur eg svært mange kan syngja og gler seg over. Eg vel utgåva som Erik Hillestad har omsett, "Stille natt".

Joseph Mohr har skreve teksten som vert sunge over alt i verda. Det var i 1816. Vennen Franz Xaver Gruber laga den vare, nydelege melodien i 1818. For meg er melodien vakker. Erik Hillestad omsette teksten til nynorsk i 1992.
Biletet er av Hafslovatnet i Luster kommune i juli. 

1.Stille natt, heilage natt. Alt har svevn og mørker tatt.
Trufast vakar dei heilage to.
Varsamt voggar dei barnet i ro.
Jorda tek himlen i famn, jorda tek himlen i famn.

2. Stille natt, heilage natt, barnet er vår største skatt.
Trøytte hyrdingar vaknar av song,
høyrer orda for første gong:
:/ Kristus vår frelsar er fødd! :/

3. Stille natt, heilage natt, Gud gjev jorda vona att.
Himlen smiler frå barnet sin munn,
kjem oss nær i ei frelsande stund.
:/ Vier Guds framtid til vår.:/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Sokndal og Sogndalstrand 2025

I slutten av juli trilla me i bilen vår til Sokndal kommune i Rogaland. Her ligg Sogndalstrand, ein freda tettstad. Frå Klepp tar det ein ti...